Min unge sang

Min unge sang cover
Veslemøy Solberg : sang
Sven Ohrvik : arr. / tangentinstrumenter
Eivind Aarset : gitar
Edvard Askeland : bass
Rune Arnesen : trommer / perkusjon
Elin Rosseland : kor
Arne Nøst : covertegning, fløyte og overtonesang
Steinar Larsen : gitar
Morten Hannisdal : cello


Ein septemberdag i 1993 fekk eg eit koseleg brev i posten. Det var frå Halldis Moren Vesaas, som eg hadde skrive til tre dagar tidlegare med spørsmål om å få lov til å tonesette – og synge – eit utval av dikta hennar.

Lov fekk eg. Og attpåtil nyttige opplysningar. Andre hadde sett tonar til dikt før oss, men vi fekk stadfest det vi eigentleg visste: Ingen hadde tidlegare sunge og spela inn ein heil CD med hennar dikt.

Vi har tatt med dikt frå fem av dei sju diktsamlingane Halldis Moren Vesaas har skrive: Harpe og dolk (1929), Morgonen (1930), Strender (1933), Lykkelege hender (1936) og I ein annan skog (1955). I tillegg finst eit par dikt som er skrivne etter 1955. Utvalet har vi stått for sjølve – Halldis Moren Vesaas gav oss frie hender. Og om det ikkje er mogleg å vise alle aspekta ved diktinga hennar på ei CD-plate, vonar vi likevel att litt av mangfaldet kjem til uttrykk.

Halldis Moren Vesaas skriv intenst og kjenslevart om det å leve og om å ha «alt det dei levande eig». Om enkelte dikt har mørke undertonar – smerte, sorg og sakn – står kjærleiksmotivet likevel sentralt: Kjærleik til naturen, til medmenneske og til sjølve livet.

Tonen i «Min unge sang», det aller første diktet i debutsamlinga, følgjer henne i alt ho seinare skriv – den er sjølve føresetnaden for at ho kan skrive som ho gjer. – Til oss, og til generasjonar som kjem, som kjenner tonen igjen.

Veslemøy Solberg

Lytt til «Min unge sang»