Da eg og bestefar va’ små

Da eg og bestefar va små
Jon Solberg : song, gitar og banjo
Ken-Børre Langås : bass
Eivind Aase : trommur
Terje Meisingset : orgel og piano
Jonny Simonnes : munnspel
Veslemøy Solberg : song


Jon Solbergs Bygdabilly Band
er ein rocketrio med tre rutinerte musikarar. Bandet har base i Bø i Telemark, og spelar helst eigne låtar med tekstar på dialekt. Musikalsk står bandet med eit bein i 1950-tals rocken, mens det andre beinet spring innom alt frå bluegras til funk. Jon Solberg – frontfigur og låtskrivar – seier det slik:Me spelar drivande og energisk rockabilly ispedd ein desiliter swing, tri dråpar country, ein slump blues og kanskje litt følkemusikkingrediensar au?

Namnet «bygdabilly» er eit ordspel på «rockabilly». Slik kan ein seie at Bygdabilly Band spelar rockabilly i bygdeforkledning. Jons tekstar er i stor grad knytte til bygdekulturen, men dei fortel likevel historier som treff og rører alle. Humor med brodd, og soger med tyngde. Jon er bøhering, og tekstane er sjølvsagt skrive på Bø-dialekt.Den 15. september (2003) kom Jon Solbergs Bygdabilly Band ut med sin debut-cd: Da eg og bestefar va’ små. Den blei utgjeven med plateselskapet Nordicae i ryggen, og Sven Ohrvik har misksa og mastra plata.

I Jon Solbergs Bygdabilly Band finn me bøheringen Jon Solberg (song og gitarar), Sømna-væringen Ken-Børre Langås (bass og kor) og flatdølen Eivind Aase (trommer og kor). Dei kom saman for 2 år sidan, og har sidan da spelt mange konsertar – frå Helgelandskysten til Vestfold. Det er likevel i Telemark bygdabillyane har spelt flest publikumarar varme i trøya med fengande bygdabilly-rytmar.Bandet har opparbeida seg eit solid repertoar av eigne låtar, og har store planer om ei ny plateutgjeving i nær framtid. Denne gongen skal det bli ein full-cd.

Lytt til «Da eg og bestefar va’ små»