Etterspel

Etterspel
Heidi Løvlund :
song, hardingfele, sjøfløyte, langeleik,
seljefløyte, trekkspel, leirgauk,
tussefløyte og neverlapp
Kari Lønnestad : Song og prat
Gunnlaug Lien Myhr : Song
Gøril Ramo Håve : Langeleik
Olav Bergland : Kveding og prat
Rupert Derben : Gitar
Jens Amundsen : Hardingfele


Heidi Løvlund (1961-99) var ein av våre aller fremste ambassadørar for norsk folkemusikk.Med sin særeigne stil og scenesjarm spela ho bokstavleg tala på fleire strenger: Hardingfela, seljefløyta, langeleiken, songen, tussefløyta, sjøfløyta, trekkspelet, leirgauken og neverlappen trollbatt publikum – ikkje berre her heime, men òg i Sverige, i USA og ikkje minst i dei baltiske landa
der Heidi turnerte, og studerte estisk folkemusikk.

Heidi Løvlund hadde suksess både med folkemusikkgruppa Tiriltunga, som mellom anna blei nominert til Spellemannprisen, gjennom samarbeid med Ruta og Valdis Muktupavels frå Litauen og ikkje minst gjennom eigne prosjekt her i Noreg. Ho var med og skipa Bø junior-spelemannslag i 1987, og ho var ei drivande kraft og inspirasjonskjelde i folke-musikkmiljøet i Telemark. Landskappleiken vann ho òg. Sterkt svekka av kreft fekk ho 1. premie i klassa for fløytespel på Kongsberg i 1998.

På Etterspel har vi samla nokre av dei beste opptaka med Heidi frå perioden 1982 til 1994. Her er opptak med Tiriltunga, der også Kari Lønnestad og Gunnlaug Lien Myhr deltek, her er opptak der Heidi spelar saman med onkelen og meisterspelemannen Jens Amundsen, og her er eit unikt opptak fra Vinterstemnan 1989, der vi verkeleg høyrer kva for briljant sceneartist Heidi Løvlund var.

Me visste at Heidi var sjuk då me la fram CD-planane våre for henne året før ho døydde. Om det var mogleg, ville me presentere litt av det ho sto for på ei CD-plate. Opptaka skulle gjerast i studioet vårt på Konnerud, og lanseringa skulle skje påTelemarkfestivalen i 1999. Me rakk det ikkje. Men takka vere mange gode krefter i Heidis nærmiljø, har me fått samla ei rekkje gode opptak frå eit rikt sceneliv. CD vart det til slutt, og me vonar Etterspel vil gje lyttarar i alle aldrar ei stor oppleving.

Veslemøy Solberg