Det hjartet ser

Det hjartet ser
Veslemøy Solberg : song og diktlesing
Jon Solberg d.y. : Song og gitar
Sven Ohrvik : Piano



Tekstane på Det hjartet ser spenner over 130 år – frå John Lies diktsamling Hugaljo (1874) til Veslemøys og Jons nyskrivne viser av året – eller over fem generasjonar. Det er lenge eller stutt alt etter som ein ser det. Reint teoretisk kunne Jon Solberg i Semsjordet møtt eldste tekstforfattar, dersom han ikkje hadde vore vestlending – noko han som kjent var, og er!

Ordet «Hugaljo» er sett saman av hugi(m) = hug, sinn, og adjektivet hljodr = still, tagal. Men John Lie tenkte vel mest på at ljóda tyder både å gjere vers og å syngje, og han hadde sjølvsagt kjennskap til ein av balladane i Landstads Norske Folkeviser (1853): «Kong Eirik og Hugaljod». Diktsamlinga hans skulle ikkje bare vere ei diktbok, men ei songbok eller ljódabók, som det heiter på norrønt. I Hugaljo vart det også rom til fjorten viser av Halvor Lie, bror til John Lie – han som døydde så ung. Ei av visene hans, «Ein sumardag» er med på CD’en, med nyskriven tone av Sven Ohrvik. John Lie er representert med «Eg var liten, sat med åren», eller «Med eg var liten», som visetittelen lyder – og med «Storlid-visa» frå den populære bondeforteljinga om Staali Storlid (1880). I Storlid-visa syng hovudpersonen om alt han har å slite med, slik heltane gjer i operaer og musikalar. Tekstar av John Lie er tilgjengelege på nettadressa www.aasentunet.no 

Same året som Hugaljo kom ut, vart Johannes Skarprud fødd. Han kom seinare til å gifte seg med dotter til Torbjørg og John Lie, Gunnhild. Johannes skreiv fleire bygdeforteljingar og var ein framifrå opplesar og forteljar, med sans for humoristiske poeng. «Telemark» (Telemarkssongen), utgitt i diktsamlinga Kvad(1932) skreiv han til ein konkurranse om beste fylkessong, og vann den tevlinga. Seinare skreiv han hyllingssongen til Kviteseid, heimbygda som han var så glad i. Han kunne nok ikkje tenkje seg å bu andre stader enn på Skarprud, og flytte da også heim frå storgarden i Lardal, der han prøvde seg som bonde ei kort tid. Vi er mange som hugsar han på stabburstrappa om sommarkveldane, med pipa i munnvika, og med utsikt over fjord og fjell!

Håkon Lie var eldste og einaste bror til Gunnhild Lie Skarprud, fødd i 1884. Håkon Lie var skogbrukssjef på Lillehammer i mange år, og skreiv mange bøker med emne frå skog og mark, bl.a. Ekorngutten (1928) og Nord i elvelendet (1933). Diktet «Solspelet» (1931) byggjer på opplevingar i vårskogen – tiurleik og mystikk. 

Torbjørg Skarprud – Mom blant kjende – var dotter til Johannes og Gunnhild Skarprud, og vart fødd i Kviteseid i 1918. I 1937 møtte ho den nye læraren i bygda; det var ein sprek og kjekk vestlending med svart, krulla hår – og jamen vart det eit par av dei! Mom kunne sikkert blitt ein dugande skodespelar, og ho fekk sjansen til prøvespel på Det norske Teatret. Men så var det dette med å reise så langt som til Oslo, meinte fleire på Skarprud -. Skodespelar-talentet fekk ho likevel god bruk for som opplesar, og ikkje minst i møte med barnebarn. Veslemøys vise «Tida di» seier noko om Moms evne til å ta barn på alvor, med eventyr og fantasi som verkemiddel. Mom var ein framifrå kulturjournalist i mange år, og skreiv jamleg i «Varden» og «Telen». Men ho kunne skrive dikt også. «I skogen» (1977) byggjer på minne frå Lårdal, der ho og huslyden budde frå 1945 til 1956.

Dermed er vi framme ved dei som er unge i dag, og som har tida for seg og mykje ugjort. Men trass i ung alder har Veslemøy og Sven skrive og komponert saman i mange år, deltatt i TV-program, halde konsertar og gitt ut ei rad fine CD’ar – den siste heiter Løvehjerte (2004). Nokre av Veslemøys visetekstar handlar om besteforeldra, og ho vart sett høgt av dei alle fire – det eine namnet sitt har ho forresten etter mormor, Aase Flaaten – medan syster Liv har sitt Torbjørg-namn etter farmor Mom. Forutan «Tida di», tar både «Vandre i vind» og «Det hjartet ser» utgangspunkt i det nære tilhøvet Veslemøy hadde til besteforeldra, men dei handlar også om allmenne kjensler, som nært venskap og tankar om døden. «Sommarvise» fortel om å høyre til på jorda– blant menneske som bryr seg om ein.

Den aller yngste på CD’en er Jon – Jon i Bø – som Jon Olav i Stavern kalla han. Nå har han verkeleg blitt Jon i Bø, for han har nyleg kjøpt seg hus i Gamleveg, den gamle hovudgata gjennom Bø sentrum! Jon er både Bø- og bygdepatriot, og slike som han trengst i dag. To av Jons viser er med på CD’en Da eg og bestefar va’ små (2003) – den fine kjærleiksvisa «Du maler natta lyseblå», og tittelsporet, ein fengjande låt i western-stil. På framsida er det forresten bilde av Johannes Skarprud og farbror Audun Solberg i Sauland. Forutan desse to visene er Jon representert med ein splitter ny song som heiter «Soga om Ola».

Olav Solberg