Ny CD: «Røter»

Veslemøy Solberg og broren Jon Solberg frå «Ni liv» gir for fyrste gong ut CD saman.

«Røter» er blitt eit familieprosjekt, men også mykje meir. Tekstane handlar om å være del av noko større enn seg sjølv, og om å kjenne slektskap til menneske, natur og kultur.

Den populære singelen «Til Telemark!», med melodi av Jon og tekst av Veslemøy er med på CD-en, som inneheld elleve songar. Den eldste teksten «Med eg var liten» er skriven av diktaren John Lie frå Fyresdal. Han var Jon og Veslemøys tippoldefar!

«Vintervise» med tekst av pappa Olav Solberg og melodi av Jon er frå uke 1 2015 med på
A-lista til NRK P1!


Det var farfar Jon Solberg som kom på ideen fyrst: Å lage ein CD med tonesette dikt av John Lie frå Fyresdal, bror hans og etterkomarane: ei slektsgrein med sterk kjensle for røtene sine, og for litteratur, musikk, historie og tradisjonskunst. Til farfars 90-årsdag i 2004 kom då også Det hjartet ser ut på plateselskapet Nordicae, men CD-en var meint til privat bruk, og me trykte berre opp 50 eksemplar. I år tar me steget vidare med nye dikt og songar. Musikkoperatørene AS og Phonofile AS står for distribusjonen, og me vonar difor at fleire vil få glede av tekstane og musikken.

Det passar også fint at pappa Olav Solberg no kjem med biografi om John Lie (1846-1916) på Novus forlag. Ringar i vatn heiter den, og gir eit unikt bilete av ein spennande og mangesidig diktar. Men ikkje berre det: John Lie var også spelemann, kritikar og journalist, han drog jamvel til Amerika for å halde foredrag og spele fele. Han levde og han kjempa, mot krefter i natur og kultur, og mot krefter i seg sjølv. Og han sette spor etter seg, ikkje berre i skrift.

John Lie gav ut ei lang rekkje bøker, mest romanar og forteljingar, men òg fine dikt. På CD-en har eg valt ut «Hei-vise» frå Bondekveldar (1914) og «Med eg var liten» frå Hugaljo (1876.) Frå Hugaljo kjem og Halvor Lies (1856-1876) bidrag på denne CD-en. Halvor var John Lies unge, talentfulle bror, som døydde av tuberkulose berre nitten år gamal, men som likevel rakk å skrive fleire vakre, stemningsfulle dikt. «Ein sumardag» er eit lysande eksempel på det.

I 1882 gifte John Lie seg med Torbjørg Rinden (1855-1924), som òg var ein dugande skribent. Dei fekk fire barn, eldst av dei var Haakon (1884-1970.) Haakon skreiv fleire barnebøker, dikt og romanar, mellom anna den svært gode boka Gjester på jordi, som kom ut på Aschehoug forlag i 1934. Den handlar om livet på ein gamal gard, om skiftningane i naturen og i menneska, om dyra: menneskevenene, og om det evige livet – som lever gjennom alle som er og har vore «gjester på jordi.» Av Haakon Lies mange gode dikt har eg valt «Tusenstrengfela» frå Solspelet (1931.)

Og så er det Johannes Skarprud (1874-1962), diktaren og bonden frå Kviteseid, som gifte seg med Gunnhild, dotter til John Lie. Dei to var oldeforeldra mine, og sjølv om dei døydde før eg kom til, synest eg likevel at eg kjenner dei – gjennom brev, bilete og dikt, men mest gjennom det mi fine bestemor Torbjørg Skarprud (1918-2002) har fortalt. Både bestemor (Mom) og faren Johannes var særs gode til å fortelje, og dei hadde begge ei fin lyrisk åre i det dei skreiv, både i poesi og prosa. Johannes Skarprud gav ut fleire bøker og diktsamlingar, dottera (Mom) skrev i mange år artiklar for Varden og Telen. På CD-en har eg valt ut diktet «Stor – –» av oldefar Johannes frå diktsamlinga Kvad (1932) og «I skogen» av Mom.

Eg er òg svært glad for at bror min, Jon Solberg, ville vere med på CD-en – både som songar, musikar, tekstforfattar, komponist og arrangør. Jon er frontfigur i det populære bandet Ni Liv, som framfører gnistrande gode songar på Bø-dialekt. Han har laga melodien til Olav Solbergs fine dikt «Vintervise», til sine eigne tekstar «Timmerflåten» og «Så lenge du vil» – og til «Til Telemark!», som eg har skrive med inspirasjon frå Per Sivles dikt «Å, kunne eg fara til Telemark!»

Av mine tekstar har eg òg tatt med «Under himmelen», som eg skreiv til minne om farfar, og så har eg komponert eit par av melodiane. Mannen min, dyktige Sven Ohrvik, har komponert fleire melodiar, og i tillegg skrive musikkarrangement. Han har også produsert denne CD-en.

Og endeleg har syster mi, Liv Solberg Andersen, laga dei flotte grafiske trykka med Telemarks-motiv. Me er svært takksame for at me får bruke dei vakre bileta.

Tittelen på CD-en synest eg er treffande: Røter. Frå tippoldefar John Lie strekkjer greinene seg gjennom hundreåra fram til vår eigen tid: gamle tekstar møter nye melodiar, arrangement og uttrykk, men essensen og livsvisdomen er den same.

Kanskje var ikkje tippoldefar så ulik meg, der han sat og grubla, dikta og skreiv på Liegarden for så lenge sidan? Slik seier han det i alle fall, John Lie: «Eg hev prøva mangt Arbeid; eg hev spadt upp Aakr, brote Stein, hogge Ved, timra, skomakra, snidkra; eg hev gjort Tresko og skrivet Romanar, spika flisar og digta Songar so fine som Fivreld leikande millom Blomor. Eg hev eit Mot som Tor, ei Fantasi som Peer Gynt, ein Energi som Mauren, hellest ha eg laange slutta skrive. Men eg kan inki slutta. I Kvildestundene sit eg der, kved Visur og spilar på Hardingfela. Og so skriv, skriv for Maten.»

Veslemøy Solberg